Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt!

Vandringstur til Cinque Terre

13.990 kr 

Utreise: 23. September

Heimreise: 28. September

(Pris gjelder per pers. på dobbeltrom - Enkeltromstillegg er på 500,-)

500,- i rabatt ved bestilling før 15. Februar.

Påmeldingsfrist 1. Juni

 

Vi set nok ein gong kursen mot til den vakre og spektakulære Liguria kysten i Italia, der vi skal vandre mellom dei 5 små byane i Cinque Terre, som også ligg på UNESCO si verdsarvliste. Vi går gjennom olivenlundar og vinrankar med ei fantastisk utsikt over middelhavet. Vår base blir i byen Monterosso al Mare, som er den største av  dei fem Cinque Terre byane. Hotellet Villa Adriana har ein nydeleg hotellhage, og eit lite utandørs basseng. Stranda ligg 150 meter fra hotellet, så ein kan nyte middelhavet både fra land eller i vann. Byen har små trange gater med ei rekke  restaurantar og  små butikkar. Det blir også god tid til eigentid med sol og bad for dei som ønsker det.

Viktig med gode tursko/fjellsko med god støtte for anklane. Dagsetappane kan varier fra 2- 5 timar, og det er gode tog og båtforbindelsar mellom byane så det er ikkje noko problem dersom ein ønsker å korte ned etappane. Stiane er godt merka. Det er  middels vanskelegsgrad på etappane.

 

Detaljert program over vandringsetappane vil bli sendt ut seinare til dei som er påmeldt.

 

Reiseplan:

Avreise Bergen  Onsdag 23. September kl. 08:30, (mellomlanding i Oslo før avreise  Milano kl. 10:40)

Ankomst Milano 13:20,  før vi blir transportert til Monterosso al Mare på Liguriakysten.

Ankomst hotell ca. kl. 18:30

Retur mandag 28. September. Avreise  hotell ca. kl 08:00. Fly fra Milano 14:05, (med mellomlanding Oslo) 

Ankomst Bergen kl. 19:55

 

Alt dette er inkludert i turen:

• Fly fra Bergen til Milano- og retur

• Transport fra Milano til Monterosso al Mare- og retur.

• 5 netter på Hotell Villa Adriana inkludert frukost

• 5 middager på hotellet.

• Vandringspass til nasjonalparken.

 

Ikkje inkludert:

• Lunsj

• Drikke

• Transport mellom byane.

 

 

 

 

 

Please reload

Wordpress.png
Social-01.png
Social-02.png