Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt!

Vandringstur til Dolomittane

15.990 kr 

Utreise: 3. September

Heimreise: 10. September

(Pris gjelder per pers. på dobbeltrom - Enkeltromstillegg er på 1100,-)

500,- i rabatt ved bestilling før 15. Mars.

 

Torsdag 3. September: Avreise Bergen 06:00 via København til Venezia. Ankomst kl. 13:35

Torsdag 10. September: Retur Venezia 14:25, via København til Bergen. Ankomst kl. 22:20

 

Inkludert i turen:

• Flyreise tur-retur Bergen- Venezia

• Transport tur/retur fra Venezia til  Cavalese

• 7 netter på hotell La Roccia med frukost

• 7 middagar

• 2 Lunsjpakkar, og lunsj på hotellet si fjellhytte.

• 4 vandringsturar, inkludert transport og taubaner

• Inngang til spa anlegg på hotellet under heile opphaldet

 

Ikkje inkludert:

• Reiseforsikring og avbestillingsforsikring

• Drikke til middag

• Resterande lunsjar som ikkje er med i programmet.

 

Vi ser fram til å vise dykk Val di Fiemme og dei flotte fjella som omkransar dalen. Området er kjent  for variasjonen mellom frodige alpeenger og spisse fjelltinder. Dette er eit ynda reisemål både for skituristar og dei som er glade i å vandre på flotte stiar i nydeleg natur. Dei mange gondolbanene tek oss raskt opp i høgda, dere ein kan fortsette vandringa mot  toppane.

Basen vår blir i Cavalese, ein by med i ca 4000 innbyggjarar. Dette er også hovudsenteret i Fiemme dalen, og ligg ca 1000 moh.

Turane vil ha middels vanskelegsgrad. Tempoet blir moderat.

 

Våre vandringsmål:

• Dagstur i Lagorai fjella med hotellsjef Paolo

• Alpe Cermis

• Latemar-Torre de Pisa

• Passo Pordoi

 

Dagsprogram:

1. Dag: Bergen-København-Venezia- Cavalese

Fly til Venezia. Transport til Cavalese og innsjekk Hotell La Roccia.

Felles middag

 

2.Dag: Passo Manghen

Ein dag med hotellsjef Paolo i Lagorai fjella.

Felles middag

 

Dag 3: Alpe Cermis

Vi tar gondolbana frå Cavalese  til Paion del Cermis (2240 moh) Der startar vandringa vår til Cimon del To de la Trapola (2480 moh). Deretter vandrar vi til det spesielle Lagoria området med sine mange innsjøar. Inkludert lunsjpakke på denne turen.

Distanse: 5,9 km

Høgde: 2150 - 2480 moh

Felles middag

 

Dag 4: Latemar-Torre di Pisa

Avreise hotell kl. 08:00

Vi startar turen fra Predazzo og tar taubana til Passo Feudo, og går til fjellhytta Torre di Pisa (2670 moh). Eit område med spektakulær utsikt! Vi vandrar vidare til taubana Zischgalm og tar den ned til Pampeago der vi blir henta og frakta tilbake til hotellet. Lunsjpakke inkludert i denne turen, men også mogeleg å kjøpe seg både mat og drikke på ein av fleire fjellhytter.

Distanse: ca 10 km

Høgde: 1732 - 2670 moh

Felles middag

 

Dag 5: Avslapping og Lunsj

Avslappingsdag og lunsj på hotellet si eiga fjellhytte. Familien Gilmozzi  innviterer på pollenta og grilling.

Der produserer dei blant anna si eiga spekeskinke som dei serverer på hotellet.   

Felles middag.

 

Dag 6: Passo Pordoi

Avreise kl 08:00

Vi blir frakta med minibuss til Pordoipasset. Bussturen tar ca 1 time og 15 min.

Vi tar gondolbana opp til Sass Pordoi og vandrar til Piz Boe og tilbake til Sass Pordoi. Lunsj på eiga rekning på ei fjellhytte i området. Fantastisk panoramautsikt!

Blir henta ved Pordoi passet kl 16:00

Denne turen tek 3 - 4 timar med vandring, men det er også den som er den høgaste på denne vandringsreisa med sine 3150 moh! Antall høgdemeter 470. Vi tek oss god tid med mange pustepausar på denne etappen.

Felles middag

 

Dag 7: Val di Cembra

Avreise hotell kl.  08:30

Vi avrunder vårt besøk i Val di Fiemme med tur til Val di Cembra, vindistriktet og Segonzano pyramidene- eit mesterverk danna av isbrear for 50.000 år sidan. Vandringa tar ca. 90 minutt. Enkel vandring, men med stigning. Kl. 11:00 blir vi køyrt vidare til ein vinkjellar i Cembra der vi får høyre og smake på produksjonen i området.

I Cembra ligg vinrankane på 500 - 900 moh, og er oppbygd med terasser i dei bratte åskammane. Terassane i  området er bygd opp av tørrmurar i stein, og det finns over 1100 km med desse murane! Vinen som blir produsert her er unik då temperaturane   for dyrking av druer er ideell her.

 

 

Dag 8: Heimreisedag, Cavalese- Venezia- København-Bergen

Avreise hotell kl. 09:00 - med eigen minibuss til Venezia.

Venezia 14:25, via København til Bergen. Ankomst kl. 22:20

 

 

Merk! Det kan komme endringar i programmet.

Endeleg og detaljert dagsprogram vil bli sendt ut til dei påmeldte i god tid før avreise.

Please reload

Wordpress.png
Social-01.png
Social-02.png